PROGRAMOVERSIKT

%C3%A5leine

Åleine saman

fredag 7. oktober kl 15:00 - 16:00, Odda Bibliotek

Har du egentlig tenkt på kven som utgjør ditt felleskap? Kanskje tenkar ein på familie, eller venner.

Marit Eikemo tek i romanen «Team Tuva» tak i fellesskapa rundt eit menneske. I Olaug Nilssen si bok «Yt etter evne, få etter behov» skildrar ho ein familie som treng meir hjelp enn det familiemedlemene kan gje kvarandre. Blir fellesskapet sterkere – eller slår det sprekkar i møte med det profesjonelle fellesskapet vi omgjev oss med? I Priya Bains diktdebut "Med restene av mine hender" møter vi eit mylder av stemmer, eit slags kor av nære og fjerne slektningar - foreldre, sønner og døtre, onkler, tanter og besteforeldre, som set menneskeskjebner inn i familiære ritualer.

Ordstyrar er Kaja Schjerven Mollerin.

Inngang:
Ordinær: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.