PROGRAMOVERSIKT

16%20mai

16. mai i Kinsarvik

mandag 16. mai kl 18:00 - 23:15, Kinsarvik

Rusfritt arrangement for ungdom fom 7.klasse tom 3.vgs. på Skytebanen i Kinsarvik.

Det er endeleg tid for arrangement og sosial omgang med andre! I høve dette skal Ullensvang kommune i samråd med Eidfjord Kommune og Ulvik herad, arrangere eit rusfritt arrangement for ungdom fom 7.klasse tom 3.vgs. på Skytebanen i Kinsarvik. 

Prisen er 300,- pr. pers. Dette inkluderer mat, drikke, aktivitetar, konsert, transport - det vil også vere mogeleg å kjøpe seg div. snacks i kiosken, dette må ein betale for sjølve.
Planen for kvelden er aktivitetar etterfulgt av konsert.
Nokre av aktivitetane:
- Paintball
- Go-cart
- Klatring-/zipline
- Bruskasseklatring
- Div. småaktivitetar som t.d rodeo okse (mekanisk), hinderløype, bungee run osv.
Artistar- Stina Talling, Rambow, Eirik Aas og Ballinciaga.
Transport: Det vil gå bussar frå Utne, Røldal, Odda og Jondal. Desse vil plukke opp ungdomane langs vegen. Dei som bur i Odda, må møte på Odda busstasjon.
NB!Viktig at de som skal nytta dykk av busstransport oppgir avreisestad (Send melding på vår facebbok-gruppe eller ta kontakt med Ingvild Sæbø Nilsen tlf. 912 40719).

Påmeldingsfrist: 9. mai.
Billettar kan kjøpast på eBilett.