PROGRAMOVERSIKT

nordmenn

33 utrolige nordmenn

lørdag 8. oktober kl 19:00 - 20:00, Sentralbadet Litteraturhus

Sven Bisgaard Sundet i samtale med Randi Fuglehaug.

Møt mirakuløse og eventyrlege nordmenn som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka. Korleis klarte landets største skjørtejeger Hans Peder Borgenstierne å forlove seg med meir enn 400 kvinner? Kvifor kjøpte Ole Bull inn 150 kvite silkeflosshattar for å redda sin eigen stat i USA? Og kven var tvillingane som slåss både mot Hitler i Hollywood og under tungtvannsaksjonen i Rjukan?

Inngang: 
Ordinær: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.