PROGRAMOVERSIKT

agnes-ravatn

Agnes Ravatn kjem til Sentralbadet

fredag 25. november kl 18:00 - 19:00, Sentralbadet Litteraturhus

Agnes Ravatn kjem til Odda – og med seg har ho si nye bok «Gjestene».

Det blir samtale om den norske hytteidyllen som slår sprekkar. Kven er vi, når vi prøvar å vere noko meir eller noko anna enn oss sjølv?

Romanen «Gjestene» handler om å samanlikne seg med andre og kome til kort, og er eit psykologisk drama kor den eine løgna tek den andre.

25. november er ho på Sentralbadet Litteratuhus for å snakke om narrespel og meir eller mindre velkomne gjester. Heldigvis har ho humor.

Inngang: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.