PROGRAMOVERSIKT

Foredrag ved naturfilmskaper Arne Nævra

Foredrag ved naturfilmskaper Arne Nævra

onsdag 19. februar kl 18:00 - 19:00, Odda Bibliotek

Tanker fra telt og post er eit foredrag ved naturfilmskaper Arne Nævra i samarbeid med Humanetisk forbund.

Mange kjenner Arne Nævra frå tv-skjermen. Etter over 40 år foran og bak kameraet for å laga naturfilmar for NRK, har Arne Nævra levd for å formidla naturopplevingane sine gjennom spennande nærmøte med store, ville dyr, men også gjennom å sjå naturen sine mønstre, mennesket si rolle i dei og å sjå det store i det vesle.

Arne Nævra har gitt ut boka Naturen og oss, -tanker fra telt og post. Det er ei bok om kjærleik til naturen, pryda med dei  slåande fotografia hans. På same tid er det eit opprop mot ei kritikkverdig norsk natur- og viltforvaltning, som munnar ut i ei sterk og engasjert lesing om naturen og oss.

Velkomen til eit interessant foredrag.