PROGRAMOVERSIKT

Forfattarmøte med Olav Strand

Forfattarmøte med Olav Strand

mandag 3. mars kl 19:00 - 20:00, Kinsarvik Bibliotek

Olav Strand er den eine av dei to forfattarane bak den gjennomarbeidde boka “Den lange vandringen: reinsdyr og mennesker gjennom 500 000 år”.

Den er ei overraskande og levande fortalt historie om korleis menneskeslekta har utvikla seg fram til i dag – knytta til reinen og jakta. Olav strand er seniorforskar ved Norsk Institutt for Naturforskning og tilsett ved Norsk Villreinsenter. Han har fjell og spesielt villrein som arbeidsfelt og er forfattar og medforfattar på ei rekke fagartiklar og bøker. Boka “Midt i flokken” har vore mykje utlånt på biblioteka, no er det nok ei perle du kan få høyra meir om.