PROGRAMOVERSIKT

fotballdebatt

Fotballdebatt

fredag 7. oktober kl 22:00 - 23:00, Iris Scene

Fotballdebatt med Sven Bisgaard Sundet, Linda Eide, Håkon Opdal og Mímir Kristjánsson.

På Litteratursymposiets faste fotballdebatt fredag kveld møtest fotballekspertar og fotballinteresserte forfattarar til uhøgtideleg og blodseriøs samtale om vår tids viktigaste og sjukaste idrett. Sven Bisgaard Sundet er årets programvert, og laget er toppa med Linda Eide, Håkon Opdal og Mímir Kristjánsson. Saman skal dei utforske om fotballspelarar er streite, løfte fram spelarar utenfor boksen og analysere dei beste og verste fotballuttrykka.

Inngang:
Ordinær: kr. 250
Student: kr. 125
Billettar kan kjøpast på TicketCo.