PROGRAMOVERSIKT

frode%20grytten

Frode Grytten Beat Band

torsdag 8. desember kl 19:00 - 21:00, Odda Kino

Frode Grytten Beat Band kjem tilbake til Odda med Absolutt juleambivalens! Ring - A - Ding - Dong - Ding.

Her kjem eit lite klapp på skuldra til alle oddingar som ikkje trur på Disney eller Amfisenteret eller Hanne Krogh. Her er litt søstersolidaritet med alle dei som ikkje trur på den feite julenissen eller sølvgutane eller etisk juleribbe eller jul i Skomakergata.

Her er litt trøst til alle som lid av absolutt juleambivalens. Her er ei utstrekt hand til alle som bare har lyst til å høre dei aller finaste julesongane som nokon gong er skrive. Garantert fritt for Det hev ei rose sprunge og Gjev Meg Handa Di Ven.

Frode Grytten Beat Band feirar vinteren, snømenn, desember og det nye året som snart skal komme.

Inngang: kr. 430
Billettar kan kjøpast på eBillett.