PROGRAMOVERSIKT

grand%20prix

Grand Prix-fest

lørdag 14. mai kl 19:00 - 23:59, Sentralbadet Litteraturhus

Som ein kick-off før Pridemånaden kjem, inviterer litteraturhuset, Kraftmuseet og Tysso Pride til Eurovisionfest.

Ei større hedring til mangfald og inkludering skal ein leita lenge etter, så her er det berre å finne fram paljettar, glitter og stas.
Det er ulike meiningar om det norske bidraget "Give that wolf a banana", men vi krysser fingrane for at Subwoolfer kvalifiserar seg til finalen.
Du får utdelt stemmeskjema i døra - her skal det gis poeng for alt i frå melodi, stemmeprakt og styling.
Kvelden vert innleia av eit kort historisk kåseri om Odda si dans- og musikkhistorie.