PROGRAMOVERSIKT

Hardanger Musikkfest: Songen du har kjær

Hardanger Musikkfest: Songen du har kjær

torsdag 28. august kl 12:44 - 13:45, Kinsarvik kyrkje

Ei triveleg føremiddagsstund

Har du ein song som tyder noko heilt spesielt for deg? Ein melodi som vekkjer minne, får deg til å smila eller gjev deg gåsehud? I denne føremiddagsstunda får publikum høve til å vera med og påverka programmet, gjennom ynskje sendt inn på førehand.

Songarar frå Song Circus, fiolinist Ariane Alvestad og pianist Torgeir Kinne Solsvik gjev liv til ynskja dine med vakre tolkingar og stemningsfull musikk. Kanskje høyrer du att ein gammal favoritt – eller oppdagar ein ny?

Ei nær og personleg konsertoppleving, der songane du har kjær får skina.

MEDVERKANDE:

  • Ariane Alvestad - fiolin
  • Liv Runesdatter - song
  • Signe Irene Time - song
  • Anna Russnes - song
  • Torgeir Kinne Solsvik - klaver
Inngang: kr. 275
Billettar kan kjøpast på TicketCo.