PROGRAMOVERSIKT

heile%20verda

Heile verda i eit bilete

torsdag 6. oktober kl 14:00 - 15:00, Iris Scene

Forfattar John Erik Riley held eit personleg foredrag om fotografiet før og no, og om sitt eige forhold til kameraarbeid.

Han tek utgangspunkt i kjende fotografar og fotoskribentar, men fortel vel så mykje om dei siste åras omveltingar, i USA, under pandemien og i dagens politiske situasjon. Korleis kan vi ta tilbake forholdet vårt til kameraet og til bilete? Kan det framleis vere eit verktøy for tenking og hjelpe oss til å sjå på ein annan måte? Er flaumen av bilete så stor at dei mister verdi? Eller treng vi kanskje bileta meir enn nokon gang?

Inngang:
Ordinær: kr. 100
Student: kr. 50
Billettar kan kjøpast på TicketCo.