PROGRAMOVERSIKT

Historisk vandring i Kinsarvik

Historisk vandring i Kinsarvik

torsdag 25. april kl 18:00 - 19:30, Kinsarvik Bibliotek

Biblioteket inviterer til historisk vandring i Kinsarvik med Trond Steinsland.

Han er pensjonert lærar og stor formidlar av historie og lokalhistorie. Sist haust gjekk turen rundt i sentrumsområda, kor han foralde om ulike historiske hendingar og ordningar, som framkalt mange gamle minne frå deltakarane. Denne gongen møter me utanfor biblioteket, og tek ein tur langs banelinja opp til Huse og ned att til biblioteket. Trond vil fortelja om slektar, gardar, historiske hendingar og anna interessant som passar for unge og eldre. Kom i høveleg fottøy og kle.

Arrangementet er gratis.