PROGRAMOVERSIKT

Humorkveld Sentralbadet

Humorkveld Sentralbadet

onsdag 26. juni kl 20:00 - 21:30, Sentralbadet Litteraturhus

Sommeren er her - og ny standupkveld!

Headlineren i kveld er ein av dei verkelege rakettane på den norske humorhimmelen, Per-Owe Helle. Humoren hans består av uavgrensa mengder sjølironi over eigne diagnosar, tabbar og ruskete ungdomstid, pluss eit tal lattersalver per minutt som få kan kopiera. Per-Owe var i Odda rett før jul i 2022, og "reiv ned huset" den gong. Ingen grunn til at han ikkje gjer det no igjen!
Nafeel Bagge er ein sjarmerande ung kar som stadig leverer fine standupsett rundtomkring. Med ein foreldre frå Noreg, og ein frå Midt-Austen, blir det mykje observasjonar og latter rundt kulturkollisjonen det kan føra til.
Jakob Hernar ser ut som ur-nordmannen sjølv, høg og blond. Men her er det adskilleg meir som snurrar rundt under pannebrasken. Er det medan han jobbar som trafikkdirigent han pønskar ut galskapen? Godt mogleg.
Konferansier, tilbake på heimebane; Roar Brekke.