I mini-utstillinga INN I FRUKTHAGEN har Kraftmuseet drege veksel på dei to lidenskapane til fotopioner Knud Knudsen: fotografering og fruktdyrking.
I første del av utstillinga blir besøkande møtt med menneske til kvardags og fest, i ulike fasar av livet. Plutseleg endrar stemninga seg til det meir magiske, før det heile kuliminerer i den immersive installasjonen FRUKTHAGEN.
Det blir servering av eplemost og eplekake.
Velkomen inn i frukthagen.