PROGRAMOVERSIKT

michelet

Jon Michelet - En folkets helt

fredag 7. oktober kl 17:00 - 18:00, Iris Scene

Møt Mímir Kristjánsson i samtale med Kjersti Mjør.

Mímir Kristjánsson kjem til symposiet og med seg har han biografien med historier om Michelets kjendisliv og fyllerør, om familielliv og om livet med berømmelse.

Sjømann og arbeidar, redaktør og forfattar. Jon Michelet var mykje for mange gjennom bøkene han skreiv og gjennom livet han levde. Den folkekjære forfattaren levde det ein med rette kan kalla eit vilt og spennande liv. Journalist og forfattar Mímir Kristjánsson har i biografien “En folkets helt” satt seg fore å fortelje historia om mannen, livet og litteraturen. Det er ei historie som startar med ein ung mann som mønstra på M/S Tomar i 1962, og som endar som den folkekjære forfattaren Michelet på slutten av livet. I åra imellom får vi bli betre kjend med både journalisten, kommunisten og krimforfatteren Michelet.

Inngang:
Ordinær: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.