PROGRAMOVERSIKT

Jubileumskonsert: Terje Isungset - Ice Quatet

Jubileumskonsert: Terje Isungset - Ice Quatet

torsdag 29. februar kl 19:00 - 20:00, Kraftmuseet

Terje Isungset - Ice Quatet kjem til Kraftmuseet i Tyssedal i februar.

Museet slår på stortromma i samband med 35-års jubileet. Terje Isungset er ein av landets, om ikkje Europas, beste og mest kjende perkusjonistar. Han reiser i desse dagar rundt i verda med prosjektet «Ice Quartet».

Den 29. februar kjem han med is-kvartetten sin, og det er mykje spanande logistikk som skal til for å gjennomføra konserten. Isen kjem i ein spesialhengar, og ein isskulptør skal laga instrumenta før konsertstart. Både is-harpa til Julie Rokseth, is-kontrabassen til Toivo Fjose, og is-perkusjonar, horn og trommer til Isungset vert skapt utanfor kraftstasjonen på ettermiddagen. Amalie Holt Kleive kjem og med sin varme vokal.

Dørene åpner kl. 16.00 - konsertstart: kl. 19.00.

Inngang: 
Ordinær: kr. 350
Kraftmuseets venner/Barn/Student: kr. 300 
Billettar kan kjøpast på TicketCo.