PROGRAMOVERSIKT

herborg%20kr%C3%A5kevik

Julerosekveld med Herborg Kråkevik og gjester

onsdag 14. desember kl 19:00 - 20:00, Jondal kyrkje

Onsdag 14.desember kjem Herborg Kråkevik til Jondal kyrkje.

Herborg Kråkevik inviterer til storslått julerosekveld med Nina Lykke, Solstråla og Julerosetrioen - Mathias Eick, Helge Lilletvedt og Johannes Eick!

Herborg Kråkevik tek i år med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til Jondal kyrkje.

På turneen har ho med seg forfattaren Nina Lykke, Mathias Eick, pianist Helge Lilletvedt og bassist Johannes Eick. I Jondal får publikum gleda av å oppleva dette sterke laget saman med Herborgs første kor, Solstråla.

I tillegg til ny og tradisjonell julemusikk, vil desse eminente formidlarane gi publikum forteljingar, dikt og humoristiske høgdepunkt frå Juleroser-hefta. Det blir adventstemning, julelatter- og tristessar, klassiske juleforteljingar og heilt rykande ferske tekstar om kvarandre.

Inngang: kr. 500
Billettar kan kjøpast på Ticketmaster.