PROGRAMOVERSIKT

kamerat

Kamerat livet

torsdag 6. oktober kl 15:00 - 16:00, Odda Bibliotek

I fjor fylte Cecilie Løveid 70 år. I anledning den store dagen gav Kaja Schjerven Mollerin ut Kamerat livet, ei samtalebok.

I fjor fylte Cecilie Løveid 70 år. I anledning den store dagen gav Kaja Schjerven Mollerin ut Kamerat livet, ei samtalebok med forfattaren, poeten og dramatikaren som har prega norsk litteratur og scenekunst sterkt sidan debuten i 1968. Samtalane snor seg gjennom Løveid sitt særeigne og ofte dramatiske liv, hennar mangfaldige forfattarskap og litteratur som har betydd mykje for henne. Boka er ikkje berre eit portrett av ein stor kunstnar, men gir eit unikt bilete av nyare norsk dramatikk, 70-talets kunstroman og moderne poesi. Den er óg eit viktig bidrag til forståinga av likestillingskampen, som Løveid sin forfattarskap har spegla på ulike vis. Kva tenker Løveid om åra og bøkene ho har lagt bak seg, personleg og kunstnarleg? Kor går forfattarskapen no?

Møt Løveid og Schjerven Mollerin i samtale.

Inngang:
Ordinær: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.