PROGRAMOVERSIKT

Kampen om naturen

Kampen om naturen

onsdag 13. mars kl 18:00 - 19:00, Sentralbadet Litteraturhus

Kva natur skal vernast, for kven - og kan ein med skriveri frå kontorstolar og i aviser gjere ein forskjell?

Amalie Kasin Lerstang og Guri Sørumsgard Botheim i samtale om sine nye bøker, og om enkeltmennesket si påvirkningskraft.

Guri Sørumgård Botheim har skrive "Høgfjellsmeldinga", som er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar. Ragna får i oppgåve å skriva ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men arbeidet løyser ut sterke reaksjonar.

Amalie Kasin Lerstang har i boka "Rikt er et folk som har skogen" undersøkt kva eit enkeltmenneske kan stilla opp med, når lokalområde blir truga av nasjonale planar. I lokalavisa les Eva Brattheim at ein firefelts europaveg skal byggjast rett gjennom skogen ho elskar å gå tur i. For Eva er saka klar, vegen må stansast. Men korleis?

Støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.

Inngang: kr. 150