PROGRAMOVERSIKT

teddybj%C3%B8rn%20jul

Kino: Teddybjørnens Jul

onsdag 7. desember kl 18:00 - 19:18, Røldal Grendahus

Inspirert av Alf Prøysens «Visa til teddybjørnen» kjem ein morosam og sjarmerande julefilm for heile familien.

Julefreden er i ferd med å senka seg over den vesle byen, men på den lokale julemarknaden er det framleis yrande liv. Mariann er ute for å gjera eit siste ærend då ho får auge på ein teddybjørn på øvste hylle i lykkebua. Auga deira møtest, og ho er heilt sikker på at ho ser ei rørsle. Lever han? Ja! Det er ho bombesikker på. Mariann må få tak i teddybjørnen, koste kva det koste vil! Teddy, derimot, draumar om ein rik eigar som kan ta han med ut i den store verda. Møtet mellom Mariann og Teddy blir starten på ei overraskande og eventyrleg reise. Årets store norske julefilm «Jula til teddybjørnen» kjem frå Fantefilm, som tidlegare har produsert publikumsfavorittar som «Snekker Andersen og julenissen» og «Den vesle bygda som gløymde at det var jul».

Inngang: kr. 110
Billettar kan kjøpast her.