PROGRAMOVERSIKT

Klesinnsamling til Ukraina

Klesinnsamling til Ukraina

fredag 7. mars kl 16:00 - 18:00, Den gamle Godsterminalen i Odda

Fredag 7. mars (klokka 16.00 til 18.00) stiller me med bussen vår, Humanitær Expressen, på "Kaien ved gamle Godsterminalen" i Odda.

Fredag 7. Mars (klokka 16.00 til 18.00) stiller me med bussen vår, Humanitær Expressen, på "Kaien ved gamle Godsterminalen" i Odda for å samla inn klede til Ukraina.

Me ønskjer oss kr. 100,- pr plastsekk i porto/Transportbidrag.
Sekker er betre enn esker på grunn av stabling i bilen.

DET ER OGSÅ STORT BEHOV FOR STRAUMAGGREGAT - SMÅ OG STORE.
Hjartelag Ukraina har drive nødhjelp til same stad i Ukraina i snart 25 år og me hadde før krigen eit oppegåande og etablert apparat i byen Malyn i Zhytomir regionen, vest for Kiev.
Behovet for hjelp er forståeleg nok endå meir skrikande enn nokon gong før - og me jobbar kontinuerleg for å sikra trygg transport av varer heilt inn til vennene våre i Malyn.

Me sender ALT direkte og utan omlastning - HEILT fram, men vel av omsyn til krigen å senda med eit lokalt ukrainsk trailerselskap som i samarbeid med oss har bygd ein "kleskorridor" som uhindra passerer grenser og byråkrati.
Me ønskjer å senda:
  • Klede til barn og vaksne
  • sko
  • Leker
  • Sengetøy
  • Tørrmat : (Ris/Pasta og anna langtidshaldbart)
  • Morsmekserstatning
  • Bleier i ALLE storleikar (Barn og Voksne).
  • Straumaggregat
  • Lommelykter
  • Batteri

Sjå etter den store gule bussen - og møt oss på parkeringa for ein prat om Ukraina.