PROGRAMOVERSIKT

Klesinnsamling til Ukraina

Klesinnsamling til Ukraina

fredag 8. mars kl 16:00 - 18:00, Godsterminalen i Odda

Fredag 8. mars (klokka 16.00 til 18.00) stiller me med bussen vår, Humanitær Expressen, på "Kaien ved gamle Godsterminalen" i Odda.

Fredag 8. mars (klokka 16.00 til 18.00) stiller me med bussen vår, Humanitær Expressen, på "Kaien ved gamle Godsterminalen" i Odda for å samla inn klede til Ukraina.

Me ønskjer oss kr. 100,- pr plastsekk i porto/Transportbidrag.
Sekker er betre enn esker på grunn av stabling i bilen.
Hjartelag Ukraina har drive nødhjelp til same stad i Ukraina i snart 25 år og me hadde før krigen eit oppegåande og etablert apparat i byen Malyn i Zhytomir regionen, vest for Kiev.
Behovet for hjelp er forståeleg nok endå meir skrikande enn nokon gong før - og me jobbar kontinuerleg for å sikra trygg transport av varer heilt inn til vennene våre i Malyn.
Me sender ALT direkte og utan omlastning - HEILT fram, men vel av omsyn til krigen å senda med eit lokalt ukrainsk trailerselskap som i samarbeid med oss har bygd ein "kleskorridor" som uhindra passerer grenser og byråkrati.
Me ønskjer å senda:
Klede til barn og vaksne
sko
Leker
Sengetøy
Tørrmat : (Ris/Pasta og anna langtidshaldbart)
Morsmekserstatning
Bleier i ALLE storleikar (Barn og Voksne).
Sjå etter den store gule bussen - og møt oss på parkeringa for ein prat om Ukraina.