PROGRAMOVERSIKT

baksaas

Konsert: Baksaas + Høyer

fredag 7. oktober kl 23:59 - 01:00, Lindehuset

Slam-poeten og techno-DJ’en som blei bestevener: Det høyres nesten ut som eit moderne folkeeventyr.

Fredrik Høyer og Bendik Baksaas fann tidleg ut at å spele knallhard minimal ute på klubb og å lese dikt på ei scene ikkje eigentleg var så ulikt. Som notidas Asbjørnsen og Moe reiser dei rundt frå bygd til by, og speler opp til dans og fortel historier. Og litt som reven fekk halen til bjørnen, eller kva det no heiter, har dei etter kvart blitt eit band. Med sampler og modulærsynth i staden for fele og munnharpe, snublar dei to landevegsrøvarane innom Litteratursymposiet, riggar opp anlegget og blæstar bass og kjærleiksbodskap.

Arrangementet inngår i fredagspass kr 500
i Lindehuset saman med Heilt A4: Sjov med språk, Lyden av A4 og Emotional Outlaws som kan kjøpast på TicketCo.

Ordinær: kr. 200
Student: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.