torsdag 19. oktober kl 20:00 - 22:00, Sentralbadet Litteraturhus
Cosmic Swing Orchestra kjem til Sentralbadet Litteraturhus.
Cosmic Swing Orchestra er kryssinga av hardtsvingende jazz, leiken performance-art og ein alvorleg politisk bodskap. Med eit rykte på oss som eit suverent live-band har me sidan starten i 2018 rukka å spela rundt 20 konsertar rundt i Noreg, mange teke i betraktning at bandet består av 12 særs aktive unge musikarar, kjent frå band som Sara Fjeldvær, Tigerstate og ØyvindLand. Gjennom eit stort musikalsk repertoar som spenner frå eigne kosmiske jazzlåtar til nye arrangement av klassikarar som War Pigs av Black Sabbath, blir formidla ein sterkt politisk bodskap om klima- og naturkrise, sosial forskjell og faren for atomkrig på ein humoristisk og oppmuntrande måte, som forhåpentleg både for publikum til å le og til å tenkja.
Inngang:
Student: kr. 100
Voksen: kr. 200
Billetar kan kjøpast på
TicketCo.