fredag 14. april kl 20:00 - 22:30, Lofthus Ekspedisjon
Of All Things kjem til Lofthus.
Of All Things består av to anonyme indierockere, ein bortkommen jazzbassist og ein hardtslåande metaltrommis som er stuck i 2005. Saman serverer dei deg bråkete gitarar med mykje fuzz, til tider småklein scenetilvære og eit lydnivå som kjem til å prega deg heile neste veke.
I januar sleppte dei sin andre singel Disco Biscuits, og vart omfamna av Urørt-redaksjonen. Kva skjer?
Bandet har også prestert å rota seg bort i bransjefestivalane Vill Vill Vest og by:Larm, der dei på sistnemnde spelte for eit stappfullt Verkstedet. Sjølv om dei klarte å ryka to strenger, hadde overtenning frå ein annan planet og høyrde rykte om både Thomas Seltzer og Ruben Grans nærvær, leverte dei eit forrykande show, som enda opp som ein snakkis resten av festivalen.
Inngang: kr. 300
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.