PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Oscar Danielson

Konsert: Oscar Danielson

onsdag 18. september kl 19:00 - 21:30, Sentralbadet Litteraturhus

Oscar Danielsen kjem på Sentralbadet Litteraturhus.

Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum, og turnert flittig i heile Skandinavia.

No kjem den Stockholm-fødde 49-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.

Inngang: kr. 250
Billettar kan kjøpast på TicketCo.