PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Sigrid Moldestad

Konsert: Sigrid Moldestad

mandag 17. februar kl 17:00 - 19:00, Herand bedehus

Du inviterast til konsert med Sigrid Moldestad på Herand bedehus.

Sigrid Moldestad legg ut på ein ny sesong med soloturneen ho har kalla "Med kjærleik frå Breim". Ho tek utgangspunkt i historier, slåttar og songane sine i eit nært og levande møte med publikum. Målet med konsertforteljinga har vore å kome tett på publikum i mindre lokaler og rom. Sigrid tek utgangspunkt sine lokale og personlige historier og publikum får møte både tradisjonsbæraren og skaparen. Ho står sterkt i dei folkemusikalske røtene i Breim, men har også hatt skapartrong og skrive eigne tekstar og songar, i tillegg til tonesetjingar av andre. Sigrid Moldestad turnerte med denne konserten vår og sommar 2024, og har no vidareutvikla ein ny versjon som ho tek med seg vinteren 2025. Skrive om "Med kjærleik frå Breim":

Tett på publikum, trollbatt ho publikummet sitt. ( Eksingedalen)

Heilt fantastisk å høyre både song, musikk og forteljing! Tårer i augene og ståpels

Vekselen mellom historieforteljing, vakker song og fengande slåttar var magisk.

Inngang: kr. 380
Billettar kan kjøpast på eventim.no.

Dørene åpnar kl. 17.00 og konsertstart kl. 18.00.