PROGRAMOVERSIKT

Konsert: Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen

Konsert: Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen

lørdag 8. juni kl 20:00 - 23:00, Meieriet Restaurant

Steinar Raknes & Unni Wilhelmsen kjem til Meieriet Restaurant.

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er artistar med sterkt særpreg, og kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Stemmene deira passar fantastisk saman, og dei to har utvikla eit intuitivt og leikande samspel. Innramma av Raknes ́ akustisk/elektriske kontrabass-sound blir konsertane vakre, unike, morosame og spennande. Unikt i seg sjølv er at kontrabass er det einaste instrumentet på scena. Men Raknes speler instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han bruker fingerspele-teknikkar som gjer at instrumentet fungerer både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effektar og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierer mellom det nære, intime og akustiske, - til store lydbilete med fullt rocke-trykk.Repertoaret er hovedsakling læt skrive av Raknes, frå dei fire utgivingane hans i STILLHOUSE-serien.

Inngang: kr. 350.
Billettar kan kjøpast ved å bestilla på tlf  922 55 898.