PROGRAMOVERSIKT

tom%20roger

Konsert: Tom Roger Aadland

torsdag 29. september kl 20:00 - 23:59, Sentralbadet Litteraturhus

Tom Roger Aadland held konsert på Sentralbadet 29. september.

Det vert ein intim solokonsert i Den Raude Sal.

Rockepoeten sitt nye
album «Motgift» har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter.
Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan
sunge av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også
blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er
framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å
formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.

Inngang: kr. 200
Billettar kan kjøpast på TicketCo.