PROGRAMOVERSIKT

KRAFTDAG - DE HVITE KULL

KRAFTDAG - DE HVITE KULL

lørdag 1. april kl 14:00 - 15:30, Sentralbadet Litteraturhus

Presentasjon av Gro Holm sitt liv og virke v/ Brita Jordal og Gro T. Kollbotn (Kraftmuseet).

Strid om det rennande vatnet er på ingen måte ny. I boka De hvite kull (1936) skriv oddaforfattaren Gro Holm (1878 - 1949) om korleis bygdefolket føler seg lurt då dei skjønar verdien på vassrettane dei har selt. Litteraturprofessor Eirik Vassenden har tørka støv av romanen, som har eit persongalleri som omfattar både kyniske bergenske advokatar, franske kraftspekulantar og naive bønder.

Inngang: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.