PROGRAMOVERSIKT

Kurs i Marknadsføring: Bygg ei sterk merkevare

Kurs i Marknadsføring: Bygg ei sterk merkevare

tirsdag 22. oktober kl 18:00 - 20:30, Næringshagen i Ullensvang - Smelteverket 57

Bli med på eit interessant og nyttig kurs i marknadsføring.

Kurset passar for deg som er nybegynnar innan marknadsføring og anten jobbar i ei bedrift eller vurderer å starte di eiga. Du treng ikkje ha tidlegare erfaring med marknadsføring – vi tek utgangspunkt i det grunnleggjande, og vil gi deg verktøya du treng for å skape ei tydeleg merkevare og lage ein god marknadsføringsplan. Om du ynskjer å styrke bedrifta di eller er i startfasen med å bygge opp noko nytt, er dette kurset midt i blinken for deg.

Kl. 1800: Velkomen og innsjekk
Kl. 1810-1840: Fagleg påfyll med Christel – Vi dykker inn i trendar og merkevarebygging.
Kl. 1840-1900: Gruppeoppgåver – Her får du bryne deg på spanande caseoppgåver i grupper.
Kl. 1900-1915: Pause – Tid for kaffi og snacks!
Kl. 1915-1945: Fagleg påfyll med Amanda – Vi ser på korleis du kan sette opp ein marknadsføringsplan som faktisk fungerer!
Kl. 1945-2015: Gruppeoppgåver – No får du jobbe med å lage ein marknadsføringsplan basert på ein mal.
Kl. 2015-2030: Avslutning – Oppsummering og vel heim.