PROGRAMOVERSIKT

Litteraturssymposiet: Magisk

Litteraturssymposiet: Magisk

onsdag 4. oktober kl 17:00 - 17:45, Odda Bibliotek

Foredrag om magi og trylling med Jon Øystein Flink.

Jon Øystein Flink, eller Den Store Flinkini om du vil, er ikkje berre skjønnlitterær forfattar, men også ein lidenskapeleg tryllekunstnar. I mange år har han lest seg gjennom klassisk litteratur om magi og illusjonar, og han likar å dele noko av kunnskapen med publikum.
Han vil halde eit foredrag om magi og magisk litteratur, der han blant anna vil argumentere for at ekte magi faktisk eksisterer! Han vil også forbløffa med magiske demonstrasjonar og effektar som vil gi deg hakeslepp. Gjer deg klar for ei underhaldande reise inn i det ukjente.

Inngang:
Ordinær: kr. 160
Student: kr. 85
Billettar kan kjøpast på TicketCo.