Strandebarm i Kvam er meir enn berre ei lita perle ved Hardangerfjorden – det er òg staden som har gitt oss den unike stemma til Jon Fosse. Her har han henta inspirasjon, og herfrå har han spunne trådar som strekk seg ut til heile verda gjennom ord og setningar. Alt før Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023 har Fosse-interesserte frå heile verda oppsøkt Strandebarm i Hardanger for å oppleve Fosse sine heimtrakter.
Det vert sagt at Fosse sin Nobelpris òg er ein pris til nynorsken, til Hardanger, til heile Vestlandet, til landet. Kulturminister Lubna Jaffery, ordførar i Kvam Torgeir Næss, varafylkesordførar Stian Davies og Åse Ljones frå Fosse-stiftinga møtest til samtale om kor mykje ein slik pris kan bety, og kor vegen går vidare.
Arrangementet er gratis.