I eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid vaknar dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, opp i ei sjukeheimsseng. Ho føler på seg at hennar hovudfiende, skalden Egil Skallagrimsson, er på veg, og ho bestemmer seg for at dette er det siste høvet ho har til å få endra oppfatninga ettertida har hatt av henne som ei vond, maktgrisk og herskesjuk dronning. Tenaren hennar, Apollonia, Baudelaire sin advokat i rettssaka mot han i 1857, har endeleg sloppe tak i alle hemntankar, men hjelper likevel til. Og som alltid dukkar Rottejomfrua opp, med sine evinnelege spørsmål om kva som eigentleg gneg inst i hugen, og vesle Eyolf kan ikkje gjere anna enn å henge sørgmodig etter.
Arrangementet er ei scenelesing, også kalla ei iscenesett lesing: ein form for teater utan kulisser eller kostymer.
Inngang:
Ordinær: kr. 160
Stuident: kr. 80
Billettar kan kjøpast på TicketCo.