PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet 2024: MORGON OG KVELD

Litteratursymposiet 2024: MORGON OG KVELD

søndag 6. oktober kl 14:00 - 16:00, Odda kyrkje

Anderz Eide les frå romanen Morgon og kveld av Jon Fosse.

Skodespelar og prisvinnande forteljarstemme Anderz Eide kjem til Litteratursymposiet for å lese frå romanen Morgon og kveld av Jon Fosse. Eide er ein av landets mest brukte lydbokinnlesarar, og nyleg vann han Storytel Awards for innlesinga si av Septologien av Jon Fosse.

Morgon og kveld er ei uvanleg vakker forteljing om sjølve grunnvilkåra her i livet. Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gamal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. På sitt særeigne vis skildrar Jon Fosse ytterpunkta i eit menneskeliv.

“Morgon og kveld er en enkel historie om tilværelsens viktigste spørsmål: selve meningen med livet. Fosse formidler disse grublerier med en inderlig stillferdighet som griper fatt i leseren. Det er nesten umulig ikke å bli forført inn i fiskeren Johannes’ verden.” (Tone Solberg, Dagens Næringsliv)

Kom og bli med inn i nobelprisvinnaren sitt særeigne univers i Odda kyrkje; eit rom som gjev gjenklang til dei sakrale tonane i teksten og ei verdig ramme til ei vakker forteljing om ytterpunkta i - og meininga med - menneskelivet.

Inngang:
Ordinær: kr. 210
Student: kr. 110
Billettar kan kjøpast på TicketCo.