PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet 2024: REDD EIN FJORD

Litteratursymposiet 2024: REDD EIN FJORD

søndag 6. oktober kl 12:00 - 12:45, Sentralbadet Litteraturhus

“Redd ein fjord!” er arbeidstittelen til ein teatertekst skrive av forfattar Marit Eikemo.

“Redd ein fjord!” er arbeidstittelen til ein teatertekst skrive av forfattar Marit Eikemo for Den Unge Scenen (DUS) der handlinga tek utgangspunkt i aksjonane i Vevring i mai 2022 mot dumping av gruveslam i Førdefjorden. Den ytre handlinga krinsar rundt ein gjeng med ungdommar som har lenka seg saman i protest. Demonstrasjonane eskalerer, og til slutt kjem politiet og ungdommane blir bore bort og arrestert. Samtalane ungdommane imellom krinsar rundt dei store, alvorlege og eksistensielle spørsmåla om klima, framtida for dei unge og livet i fjorden, men også rundt nære spørsmål om vennskap, kjærleik, ansvar og tillit. Marit si dotter Asta Eikemo var ein av ungdommane som protesterte - og vart arresterte.

Samtale og lesing frå teaterstykket. 

Inngang: 
Ordinær: kr. 160
Student: kr. 85
Billettar kan kjøpast på TicketCo.