lørdag 7. oktober kl 17:00 - 17:45, Sentralbadet Litteraturhus
Leander Djønne og Kaspar Colling Nielsen møter kritikar Elise Winterthun til samtale.
Ideen om dommedag og undergang er ein av dei eldste litterære tematikkane som finst. Undergangen er skildra i dei religiøse tekstane og i dei tidlege mytane. Den er også til stades i sentrale verk i skandinavisk samtidslitteratur.
Danske Kaspar Colling Nielsen har vorte berømd over landegrensene for sine bøker, som særskilt krinsar om dystopi og samfunnsmessig samanbrot. Gjennombrotsromanen “Den danske borgerkrig 2018-2024” fortel om ein økonomisk motivert borgarkrig i Danmark. I fjorårets bok, “Frelseren fra Hvidovre”, har samfunnet kollapsa i ei blanding av klimakrise, økonomisk krise og nye koronamutasjonar. Når dommedag først er her, kva er vegen ut?
Inngang:
Ordinær; kr. 160
Student: kr. 85
Billettar kan kjøpast på
TicketCo.