PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet: PLATONS DRIKKEGILDE

Litteratursymposiet: PLATONS DRIKKEGILDE

torsdag 5. oktober kl 18:00 - 19:45, Hardanger Hotel

Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre si musikalske framsyning, basert på Platons “Symposion”, med talar om kjærleikens magi.

Du veit den festen alle snakkar om?
«Platons Symposion», eller «Drikkegildet i Athen», er eit av Platons mest kjende verk, der han skildrar ein sagnomsust fest han sjølv ikkje deltok på. På festen inviterte filosofen Agathon gjestene sine til å halde kvar sin tale om kjærleik. Det er desse talane Platon gjengir i “Platon Symposion”, og spesielt talen til Sokrates har fått mykje merksemd i ettertid. Sokrates fortel om den kloke Diotima, kvinna som lærte han å forstå kjærleikens kraft.
Det er på tide med nye talar om kjærleik!

I vår forteljing er Platon bartender, Diotima nattklubbsongerinne og Sokrates stamkunden i baren. På samme måte som i “Platons Symposion”, inviterer vi ulike menneske til å halde kvar sin tale om kjærleik. Gjestene er menneske som evner å sette ord på kjærleik på ein god måte.

Inngang:
Ordinær: kr. 210
Student: kr. 110
Billettar kan kjøpast på TicketCo.