PROGRAMOVERSIKT

Litteratursymposiet: TOEINE

Litteratursymposiet: TOEINE

torsdag 5. oktober kl 21:00 - 22:00, Sentralbadet Litteraturhus

Anne Hytta (hardingfele) og Berit Opheim (song).

Myter og magi har til alle tider omkransa den norske folkemusikken.
Huldreslåttar, huldresongar, segner, naturmytiske balladar, kjempe – og trollviser, åndelege
viser og solbøner er alle lada med eit mytisk innhald, og ofte særeigne og vakre melodiar. På fela er huldreslåttane ofte spela på særskilde felestille som gjev ein heilt spesiell klang.
Det mystiske og mytiske i tekstane og musikken har alltid gjort folk nyfikne; det vi ikkje
heilt forstår blir vi ofte dregne mot.

Denne musikken er innhaldet i konserten «Toeine» der Anne og Berit formidlar slåttar og
folketonar frå Telemark og Voss/Hardanger. All musikken er i eigne arrangement, i solo og
samspel, i tillegg til noko nykomponert.

Inngang: 
Ordinær: kr. 260
Student: kr. 135