PROGRAMOVERSIKT

Melankomiker André Ulveseter

Melankomiker André Ulveseter

fredag 16. februar kl 19:30 - 20:45, Odda Kino

André Ulveseter entrar scena med det tredje lengre standupshowet sitt «Melankomiker».

Den energiske komikaren, opphavleg frå Bergen, mista all glede og livskvalitet då kjærasten gjennom 10 år brått vart drepne i trafikken sommaren 2022. Men med eit skråblikk på det aller meste, finn ein også humor i det mørkaste av det mørket.

Melankomiker er eit hysterisk, sjølvironisk og fint show med eit alvorleg bakteppe, levert av ein av Noregs skarpaste komikarar. Korleis reagerer ein som aldri tidlegare har mista anna enn ein katt og ein undulat i heile sitt liv, på det å mista sin aller viktigaste støttespelar, kjærast og venn? Og kvifor i all verda eksisterer eigentleg sukat?
No kan du få med deg årets mest meiningsfulle humorshow, krydra med både latter og tårer. Velkommen til Melankomiker; eit morosamt og meiningsfullt show - av og med André Ulveseter.

Inngang: kr. 390
Billettar kan kjøpast på eBillett.