PROGRAMOVERSIKT

bj%C3%B8rn%20moe

MOE - Releasekonsert

lørdag 18. februar kl 21:00 - 23:59, Iris Scene

Etter over 30 år bak trommene, debuterrer Bjørn Moe som vokalist og låtskrivar.

I det nye soloprosjektet sitt MOE, spelar Bjørn Moe framleis trommer, men er då også låtskrivar og vokalist. Med den behagelege og kraftfulle stemma si, inviterer han lyttaren med inn i det nye forteljaruniverset sitt. Bjørn Moe har gitt ut seks singel i forkant av platedebuten, og har allereie vist seg som ein habil låtskrivar. Han skriv poetiske og finurlege betraktningar om livet, på godt og vondt.
Musikalsk, og som trommeslagar hentar han inspirasjon frå fleire verdshjørne, og er glad i groovar som utfordrar det tradisjonelle. Det viser igjen i hans eigne komposisjonar, der han gjerne kryssar sjanger og veljar litt utradisjonelle løysingar. Musikalsk plasserer han seg i hovudsak i landskapet pop og rock, lett krydra med etniske element.
Med seg til å presentera det nye albumet sitt har han eit knippe av dei topp musikarane i vestlandet:
BJØRN MOE - vokal / trommar
LARS HAMMERSLAND - piano / orgel
THOMMAS SCHØNBERG - gitarar
SVEIN HENNING BERSTAD - bass
GINA ASPENES - kor / perc
KRISTIN BERGSVIK - kor / perc

Dørane opnar kl. 21.00, konsertstart kl. 22.00.

Inngang: kr. 200 / kr. 250 (Medl. BLU/Ikkje medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.