PROGRAMOVERSIKT

morgon

Morgontonar med Karl Seglem

fredag 4. november kl 08:00 - 10:00, Gløyp, Kinsarvik

Musikalsk frukost med Karl Seglem. Frukost ved Steinar Rinaldo.

Karl har i over 30 år vore aktiv som komponist, utøvar, poet og forfattar, og har utvikla eit heil t eige språk i grenseland mellom folkemusikk og jazz. Han spelar både bukkehorn og saksofon, og har utgjeve over 40 album samt ei rekke diktsamlinger og bøker.

Me lovar tonar og ord som er gode å ta med seg inn i dagen.

Inngang: kr. 250
Billettar kan kjøpast på TicketCo.