PROGRAMOVERSIKT

nattsv%C3%B8mming

Nattsvømming

torsdag 6. oktober kl 22:00 - 23:00, Odda Folkebad

Badeenglar frå det ganske land, stup uti og ta over.

Nattsvømming er ein tradisjon og ein institusjon på symposiet, og vi har sakna han under korona. Finast å oppleve med badebuksa på uti det legendariske Folkabadet. Nesten like fint å sitje på tribuna og fylle lungene med klora luft til lyden av blokkfløyte.

Med Linda Eide, Vilde Tuv og Robin van de Walle.

Inngang:
Ordinær: kr. 200
Student: kr. 100
Billettar kan kjøpast på TicketCo.