lørdag 5. oktober - søndag 6. oktober , Øyna - Opovegen 25
Nybegynneakurs i agility - grusbanen på Eitrheim.
Ullensvang Hundeklubb arrangerer nybyrjarkurs i agility helga 5. og 6. oktober. Agility er ein kjempekjekk aktivitet som passar for alle slags hundar. Agility stimulerer hjernen til hunden og forbrenn energi. Agility gir god kondisjonstrening, og dessutan mental stimuli for både deg og hunden din, og det er ein aktivitet som garantert vil styrkja bandet de imellom. Som ein ekstra bonus vil avhengnaden til hunden av deg gjennom hinderløypa auka tilliten han har til deg, og dermed lyda deg betre elles òg. Dette kurset er for deg som har lyst til å byrja med agility.
Instruktør: Kari Algrøy Salthella
Les meir om agility her:
https://www.nkk.no/prover-og-konkurranser/sport/agility/
Pris: 1750 / kr. 2000 (Medl. /Ikkje medl.)
Påmelding til ull lensvangshundeklubb@gmail.com
Hunden må vera fylt 1 år.