PROGRAMOVERSIKT

skeive

Om skeive ikoner

torsdag 6. oktober kl 13:00 - 14:00, Sentralbadet Litteraturhus

Skeive Ikoner er eit prosjekt som markerer 50-årsjubileet for avkriminaliseringa av homofili i Norge.

Forfattarane Bjørn Hatterud og Caroline Ugelstad Elnæs har portrettert, og fotograf Fin Serck-Hanssen har fotografert livshistoriene til nokre av dei fremste individa og miljøa som aktivt bidrog til kampen for fridom og likestilling før og etter avviklinga av straffelova § 213 i 1972. Som ikkje-konforme individ kjempa dei aktivt mot diskriminarende strukturar i norsk kultur og samfunn. Skeive Ikoner er ei bok og ei utstilling om menneska som har bidrege til å forvandle Norge til det frigjorte samfunnet vi kjenner i dag. Fin Serck-Hanssen, Bjørn Hatterud og Caroline Ugelstad Elnæs i samtale med Kjersti Mjør.

Inngang: 
Ordinær: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.