torsdag 19. september kl 10:00 - 15:00, Odda kino
Velkomen til å melde deg på og sjå den digitale konferansen i Odda kino.
Kva når partneren din byrja å gløyma? Når barnet du nett har født, viser seg å ha ei funksjonsnedsetting? Når du ikkje klarar å stå i jobb lengre fordi det er for krevjande å følgja opp dei gamle foreldra dine? Eller når du finn ut at sonen din ikkje har vore på skulen på fleire veker?
Dei fleste av oss kjem til å oppleva brå endringar og inngripande
overgangar i livet. Årets Pårørandekonferanse set søkjelyset på korleis me kan finna gode vegar vidare, og på korleis håpet finst sjølv når alt verkar håplaust.
Meld deg på:
E-post: hege.lyssand@ullensvang.kommune.no
SMS: 97 55 85 44