PROGRAMOVERSIKT

postmannen

Postmannen - Litteratursymposiet spesial

torsdag 6. oktober kl 17:00 - 18:00, Odda

Bli med vår eigen, heilt ekte postmann på byvandring i Odda sentrum.

Med kunnskap om byutvikling og samfunnsliv, eit vell av gode historier og glimt i auga viser han deg byen sin. Turen startar på Torget og går gjennom bydelane Brotateigen, Bakka, Bygda, Rådhuset og Lindeplassen.

Postmannen kjenner alle krikar og krokar, han kjenner folk og helsar på. Er du klar for ei unik byvandring?

Vandringa startar kl. 17.00.

Pris kr. 100
Billettar kan kjøpast her.