PROGRAMOVERSIKT

kuraas

Rørospols og Telemarksslåttar med Kuraas og Meyer Fjeld

fredag 30. september kl 19:30 - 21:00, Hardanger Folkemuseum

Mads Kuraas og Lars-Ingar Meyer Fjeld kjem til Hardanger Folkemuseum.

Mads Kuraas kjem frå Røros. Han har spelt fele heilt sidan sjuårsalderen, og jobbar til dagleg som musikk- og kulturskulelærar i Røros og Os kommune. Han er utdanna ved Rauland og Ole Bull akademiet, og skreiv i 2016 mastergrad om spellmenn og Rørosmusikken. Som musikar er han aktiv med konsertar over heile landet. Han er A-klassing frå landskappleik, og fungerer til dagleg som musikalsk leiar i Glåmos spellmannslag. 

Lars-Ingar Meyer Fjeld er ein av landets fremste spelemenn på hardingfele og kan visa til fleire pallpassar i A-klassa på landskappleiken, samt CD-en "Hardingfele" som vart nominert til spelemannsprisen i 2017.

Inngang:
Student: kr. 150
Sesongkort: kr. 270
Enkel billett: kr. 300
Billettar kan kjøpast på TicketCo.