PROGRAMOVERSIKT

SAMSON - Dødens skygge

SAMSON - Dødens skygge

torsdag 11. april kl 19:00 - 21:00, Lindehuset

Gå ikkje glipp av musikkalen om Samson - Dødens skygge.

Samson Isberg var Noregs første landsdekkjande bøddel. Samson var frå Odda og avretta 15 menneske før han gav seg i 1864.
Musikalen Samson - Dødens skugge - tek for seg ein liten del av Samson Isberg sitt liv. Han vart beundra, frykta og avskydde. Men han vart også respektert fordi han sette æra si i å avretta dødsdømde på ein effektiv måte. (ikkje alle bødlane har så godt rykte).
For å visa kor hardt og urettferdig dødsstraff kunne ramma - har me også valt å følgja Agata og Magne som vart dømt til døden for blodskam. Magne var gift med Agatas mor og var derfor stefar hennar. Då han vart enkjemann, innleidde dei to eit forhold. Agata vart gravid og forholdet vart oppdaga. Begge to vart dømde til døden ved halshogging.
Kva lagnad som skulle møta dei to og Samson, vil du få sjå i musikalen som blir sett opp i april.
Førebels har me "avslørt" to av hovudrolleinnehavarane - André Søfteland og Rita Eriksen. Fleire oppdateringar kjem etter kvart.

Inngang: 
Vaksen: kr. 500
Barn: kr. 250
Billettar kan kjøpast på Ebillett.

Spesifikke datoer

fredag 12. april kl 19:00 , Lindehuset
lørdag 13. april kl 19:00 , Lindehuset