PROGRAMOVERSIKT

poesi

Sentralbadet poesi

torsdag 6. oktober kl 19:00 - 20:00, Sentralbadet Litteraturhus

Møt Løveid og Bains i samtale med Fredrik Hagen.

Til dette arrangementet har vi invitert to poetar med det til felles at aktuelle samfunnsdebattar siv inn i skrifta - enten det er i poesien, eller i skrifta utanfor verselinjene. I over femti år har Cecilie Løveid skrive dikt, prosa og dramatikk. I hennar tidlege utg jevingar får både abortspørsmål og boligpolitikk flytte inn i bøkene. Forfattar, skribent og redaktør Priya Bains gav i 2021 ut si debutsamling Med restene av mine hender. I dikta hennar møter vi eit kor av stemmer, og tekstane fortel historier om sorg, avmakt og ritual.

Inngang:
Ordinær: kr. 150
Student: kr. 75
Billettar kan kjøpast på TicketCo.